Edvard VIII av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edvard VIII
Edward Prince of Wales during his visit to Canada in 1919.jpg
Gravlagd Frogmore
Tittel Konge av Storbritannia
Føregjengar Georg V
Etterfylgjar Georg VI
Edvard VIII av Storbritannia på Commons

Edvard VIII (23. juni 189428. mai 1972), døypt Edward Albert Christian George Andrew Patrick David Windsor, var konge av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland og Det britiske imperiet og keisar av Britisk India frå 20. januar 1936 til han abdiserte den 11. desember 1936.

Edvard (i midten) i Canada i 1924
Fire kongar av Storbritannia. Frå venstre Georg V, Edvard VIII, Georg VI og Edvard VII

Evdard var son av kong Georg V av Storbritannia og dronning Mary av Teck. Av det han var førstefødd fekk han automatisk titlane «His Royal Highness Prince of York, Prince of York and Cornwall, Duke of Cornwall, Prince of Wales». Han blei kalla David av familien.

I ungdomsåra tenestegjorde han i 1. verdskrigen. Den unge prinsen reiste mykje rundt, og det var tidleg klart at han likte verdsvante, sterke kvinner. Han forelska seg i den amerikanske Wallis Simpson, som då var gift for andre gong.

Då Georg V døydde 20. januar 1936 blei Edvard sin nye offisielle tittel som konge Edward the Eighth, by the Grace of God, of Great Britain, Ireland and the British Dominions beyond the Seas, King, Defender of the Faith, Emperor of India. Edvard ville ikkje gje slepp på Wallis Simpson, og han fekk etter press frå statsministeren Stanley Baldwin berre to utvegar på floka: 1) Avstå frå ekteskap med Wallis, eller 2) Abdisere. Edvard valde å abdisere før kroninga. Han heldt ein radiotale for folket, der han sa han ikkje ville styre landet utan hjelp og støtte frå kvinna han elska. Han er den einaste britiske monark som har gjeve trona frå seg frivillig. Han gifta seg med Wallis Simpson 3. juni 1937.

Broren hans blei krona til kong Georg VI og gav han den nye tittelen «His Royal Highness Duke of Windsor».

Edvard var innehavar av St. Olavs Orden.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.