Edvin Endresen
| Edvin Endresen | |||
| | |||
| Fødd | 11. oktober 1892 Vestre Moland kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 21. juli 1968 (75 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Edvin Sevrin Endresen (11. oktober 1892–21. juli 1968) var ein norsk fabrikkarbeidar og stortingsmann. Han representerte Arbeidarpartiet i Stortinget 1928-30, 1935-39, heile tida vald frå kjøpstadene i Hedmark og Oppland.
Endresen var frå Vestre Moland, son til ein fabrikkarbeidar. Frå 1908 til 1915 arbeidde han på Kalvild Træsliperi og Kartonfabrik ved Lillesand, deretter var han tilsett i Hunsfoss Fabrikker ved Kristiansand og så på aluminiumsfabrikken ved Eydehavn. Allereie som 16-åring vart han vald formann i fagforeininga på Kalvild. Dei komande åra var han av dei fremste i arbeidar-ungdomsrørsla på Sørlandet.
I 1919 flytta Endresen til Lillehammer for å arbeide på Mesna Træsliperi og Kartonfabrik. Her vart han ut si arbeidstid, etter kvart som skiftformann.
Endresen var i tretti år medlem i Lillehammer bystyre. Mange år hadde han sete i formannskapet, ein treårsbolk var han varaordførar. Valperioden 1928-30 hadde han fast plass i Stortinget, vald frå ein valkrins beståande av Lillehammer, Gjøvik, Hamar og Kongsvinger. Seinare møtte han i Stortinget frå varamannsplass. Då Fredrik Monsen i 1935 vart statsråd i Nygaardsvold-regjeringa, rykka Endresen inn i stortinget. Der vart han sitjande til 1939. Etter tur var Endresen medlem i Sosialkomiteen, Kommunalkomiteen og Militærkomiteen.
Under andre verdskrigen var Endresen kontaktmann for Heimefronten og den illegale fagrørsla, Frå januar 1945 låg han i dekning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edvin Endresen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2025.
- Einskildmenn
- Fødde i 1892
- Døde i 1968
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Ap-politikarar i Oppland
- Norske motstandsfolk
- Folk frå Lillesand
- Folk frå Lillehammer