Edward Bransfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bransfieldstredet sett fra Livingston Island med Antarktishalvøya i bakgrunnen.

Edward Bransfield (fødd ca. 1785 i Ballinacurra, County Cork i Irland, død 1852 i Brighton i England) var ein irsk styrmann og ein av dei første til å observere det antarktiske fastlandet.

Han vart i 1803 tvangsinnskrive i den britiske flåten og deltok i sjøkrigen mot Napoleon. I 1817 vart han utstasjonert i det sørlege Stillehavet, der Royal Navy hadde ein nyoppretta flåte nær Valparaíso i Chile. Sommaren 1819/1820 fekk han i oppdrag å følgje den engelske handelskapteinen William Smith for å undersøkja Sør-Shetlandsøyane sør for Drakesundet, ei øygruppe Smith hadde oppdaga året før.

22. januar 1820 nådde dei fram til øygruppa og gjekk i land på King George Island, og Bransfield gjorde krav på øyane for den britiske kongen. Dei fortsette i sørvestleg kurs forbi Deceptionøya, utan å utforske ho nærare. Deretter fortsette dei sørover og kryssa det som seinare vart heitande Bransfield Strait. 30. januar observerte dei Trinityhalvøya, den nordlegaste delen av Antarktishalvøya på det antarktiske kontinent. Han var sjølvsagt uvitande om at russaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen tre dagar tidlegare, den 27. januar 1820, på motsett side av kontinentet som førstemann hadde observert fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]