Hopp til innhald

Edward Frederick Lindley Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Frederick Lindley Wood

Fødd16. april 1881
Powderham Castle
Død23. desember 1959 (78 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, diplomat
InstitusjonarUniversity of Sheffield
Storbritannias utenriksdepartement
Utdanna vedChrist Church College
Eton College
MorAgnes Courtenay
FarCharles Wood, 2nd Viscount Halifax
EktefelleLady Dorothy Onslow
BarnCharles Wood, 2nd Earl of Halifax, Richard Wood, Baron Holderness, Lady Anne Wood, Mary Wood, Francis Wood
MedlemBullingdon Club
Alle verv
  • Generalguvernører og visekonger av India (1926–1931)
  • Storbritannias krigsminister (1935–1935)
  • Storbritannias utenriksminister (1938–1940)
  • leder av Overhuset (1935–1938)
  • Medlem av Det kongelige råd (1922–)
  • Storbritannias ambassadør i USA (1940–1946)
  • president for Det kongelige råd (1937–1938)
  • lordseglsbevarer (1935–1937)
  • medlem av Storbritannias 34. parlament (1924–1925)
  • medlem av Storbritannias 33. parlament (1923–1924)
  • medlem av Storbritannias 32. parlament (1922–1923)
  • medlem av Storbritannias 31. parlament (1918–1922)
  • member of the 30th Parliament of the United Kingdom (1910–1918)
  • member of the 29th Parliament of the United Kingdom (1910–1910)
  • leder av Overhuset (1940–1940)
  • Storbritannias undervisningsminister (1922–1924)
  • Storbritannias undervisningsminister (1932–1935)
  • Chancellor of the University of Oxford (1933–1960) Sjå dette på Wikidata

Edward Frederick Lindley Wood, 1. jarl av Halifax, (16. april 188123. desember 1959) var ein britisk politikar og diplomat som tenestegjorde som utanriksminister under høvesvis Neville Chamberlain og Winston Churchill.[1] Lord Halifax vart fødd inn i ein adeleg familie som åtte store landområde i Nord-England.[1] Han vart vald inn i Underhuset ved valet i 1910 som representant for det konservative partiet, og sat der fram til 1925.[2]

Under den fyrste verdskrigen tenestegjorde Lord Halifax ved fronten.[1] Ulikt sitt seinare ry som ein kompromissviljug politikar, var han på denne tida del av ein krins konservative politikarar som kravde total militær siger over det tyske keisardømet.[1] Etter krigsåra var han undervisningsminister 1922-1924 og landbruksminister 1924-1925.[2] I 1926 vart lord Halifax utnemnd til visekonge i Britisk India.[1] I tingingar med indarane viste han meir forståing for deira standpunkt enn mange av forgjengarane sine. Målet hans var at India skulle halda fram som ein del av det det britiske samveldet, og i 1929 tok han offentleg til orde for å gje India dominion-status.[1] Samstundes gjekk han hardt fram mot dei som gjorde valdeleg motstand, og signerte fleire dødsdomar i tida som visekonge.[1]

Etter heimkomsten frå India hadde Lord Halifax fleire ministerpostar mellom 1932 og 1938.[2] I 1938 trekte Anthony Eden seg som utanriksminister i Chamberlaine-regjeringa grunna usemjer med regjeringssjefen, og gjorde plass for Halifax.[1] Som utanriksminister vart lord Halifax ein framgrunnsfigur for den såkalla «Appeasement»-lina regjeringa førte i utanrikspolitikken.[2] Av mange har han vorte sett på som ein av arkitektane bak denne feilslåtte britiske politikken overfor Nazi-Tyskland i åra før utbrotet av andre verdskrigen.[1] Seinare historikarar har teikna eit meir nyansert bilete, og peiker blant anna på at det var lord Halifax som overtydde regjeringa om å avvisa dei fyrste vilkåra Hitler og Chamberlain hadde vorte samde om under tingingane som resulterte i Münchenavtalen.[1] I tida etterpå gjorde han opptak til samarbeid om krigsførebuingar med Frankrike, og var ein av hovudmennene bak tryggingsgarantien som sa at Storbritannia kom til å stilla opp militært dersom Polen kom under åtak frå Tyskland.[1]

Som utanriksminister i regjeringa til Winston Churchill, var lord Halifax ein av dei som tvilte på den urikkande krigslina den nye statsministeren stod for.[1] Etter den franske kapitulasjonen kjende han seg ikkje lenger viss på at krigen kunne vinnast, og tykte at det beste for Storbritannia var å forhandla om fred før ein hamna i ei stode som gav fred på tyske vilkår.[1] I slutten av mai 1940 var lord Halifax og Churchill involvert i fleire stride regjeringsmøte, men etter slaget om Storbritannia (som Storbritannia gjekk sigrande ut av) vart det vanskelegare å sjå fornufta i den kompromissviljuge lina Halifax hadde gjort seg til målsmann for.[1] I desember 1940 vart han utnemnd til ambassadør i Washington, D.C., og sat i denne stillinga fram til 1946.[1] Han døydde i York 1959.[2]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 Dutton, D.J. (5. januar 2011). «Wood, Edward Frederick Lindley, first Earl of Halifax: (1881–1959)». Oxford Dictionary of National Biography. Henta 1. desember 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Tim Greve (16. oktober 2020). «Edward Wood Halifax». Store Norske Leksikon. Henta 1. desember 2023.