Edward Hicks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredens kongedømme, ca 1834
Noas ark, 1846

Edward Hicks (4. april 178023. august 1849) var ein USA-amerikansk naivistisk målar og kvekar-predikant. Gjennom måleria sine vart han ein framståande representant for kvekarsamfunnet i USA.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hicks var fødd i Langhorne i Bucks County i Pennsylvania. Mora døydde då han var spedbarn, og han vart sidan oppfostra i ein kvekarfamilie. 13 år gammal byrja han som lærling i ein vognbyggar-verkstad, der han lærte seg dekorasjonsmåling ved å male ornament på vognene. Då han runda 20 år starta han for seg sjølv og dreiv på å dekorere møblar og anna utsmykkingsarbeid.

Då Hicks var 32 år gammal vart han han vald til predikant for kvekarane. Som omreisande predikant trong han inntekter, noko han fekk ved å måle bilete av heimane til folk, i tillegg til den vanlege skiltmålinga. Etter kvart vart han ein etterspurd målar med gode inntekter. Han vart då kritisert for å drive med for «verdslege» aktivitetar og ein periode heldt han opp med målinga. Løysinga for Hicks vart å måle motiv som spela ei rolle for kvekarane, både frå historia deira og bibelske bilete.

Hans best kjende målarverk er dei 62 versjonane av Fredens kongedømme, verk som alle byggjer på bibelversa frå kapittel 11 i boka om profeten Jesaja. Her heiter det at «då skal ulven bu saman med lammet og leoparden ligge hos kjeet, og kalven og den unge løva og gjøfeet skal halde seg i lag, og ein liten gut skal drive dei». I bakgrunnen på mange bilete vert det vist til traktaten mellom William Penn og indianarane, sjølve grunnlegginga av delstaten Pennsylvania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]