Edward Lowassa
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edward Lowassa | |
Fødd | 26. august 1953 |
---|---|
Parti | Chama cha Mapinduzi |
Verv | Statsminister i Tanzania |
- periode | 30. desember 2005–9. februar 2008 |
- føregangar | Frederick Sumaye |
- etterfylgjar | Mizengo Pinda |
Edward Ngoyai Lowassa (fødd 26. august 1953) er ein tanzaniansk politikar som var statsminister i landet frå 2005 til 2008. Han måtte slutte i stillinga etter at eit parlamentsutval kom fram til at han og energi- og mineralministeren var ansvarlege for ei bedragersk avtale mellom TANESCO og eit ikkje-eksisterande amerikansk føretak. Lowassa trakk seg frå stillinga for å verne rykta til regjeringa og CCM, og vart med det den fyrste statsministeren i Tanzania som har trekt seg på grunn av ei bedragerisak.[1]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Tanzanian president dissolves cabinet» (engelsk). ABC News. 8. februar 2008. Henta 15. april 2017.