Edward Sabine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Sabine
Edward Sabine Maull&Fox BNF Gallica.jpg
Fødd14. oktober 1788
Dublin
Død26. juni 1883
East Sheen
NasjonalitetKongeriket Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Områdefysikk, matematikk
Yrkeastronom, oppdagar, ingeniør, fysikar, botanikar, matematikar, ornitolog, zoolog
Alma materRoyal Military Academy Woolwich
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Accademia delle Scienze di Torino

General Sir Edward Sabine (14. oktober 178826. juni 1883) var ein irsk astronom, geofysikar ornitolog og utforskar. Han vart fødd i Dublin og døydde ved East Sheen i Surrey.

Sabine er særleg kjend for to ting: han fann ut lengda på sekundpendelen, ein enkel pendel som har ein periode på jordoverflata på nøyaktig to sekund, altså eit sekund i kvar retning, og han gjorde omfattande forsking på jorda sitt magnetfelt. Han fekk oppretta magnetiske observatorium i dei britiske koloniane over heile jorda.

I tillegg forska han mykje på forskjellige emne som fuglarGrønland (sabinemåse er kalla opp etter han), havtemperaturar, Golfstraumen, barometriske målingar av høgder, bogane til meridianane, korleis isbrear fraktar steinar, vulkananeHawaii og forskjellige emne innan meteorologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]