Edward Sarul
| Edward Sarul | |
| Statsborgarskap | Polen |
| Fødd | 16. november 1958 (66 år) Nowy Kościół |
| Idrett | friidrett |
| Utmerkingar | Fortjenstkorset i gull |
Edward Sarul (fødd 16. november 1958) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i kulestøyt. Han vart verdsmeister i øvinga i 1983 då han i Helsingfors vart målt til 21,39 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sarul kom på ellevteplass med 19,19 m i kuletevlinga ved europameisterskapen 1982. Den 31. juli 1983 overraska han stort ved å sette polsk rekord i kulestøyt med 21,68 m, ein landsrekord som stod i 26 år. Nøyaktig ei veke etter han sette den polske rekorden landa kula hans på 21,39 meter i finalen under den aller fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, VM i friidrett 1983 i Helsingfors. Dermed slo han den kanskje største favoritten, Ulf Timmermann frå Aust-Tyskland, med 23 centimeter og vann gullmedaljen i øvinga.
Sarul vart polsk meister i kulestøyt i 1979 og 1980, samt 1982 og 1983.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edward Sarul» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2014.