Edward Smith-Stanley, 14. jarl av Derby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarlen av Derby
14th Earl of Derby.jpg
Fødenamn Edward George Geoffrey Smith-Stanley
Fødd 29. mars 1799
London
Død

23. oktober 1869
Lancashire

Verv Leiar av dei konservative
Periode 1846-1868
Føregjengar Robert Peel
Etterfylgjar Benjamin Disraeli
Edward Smith-Stanley, 14. jarl av Derby på Commons

Edward Geoffrey Smith-Stanley, 14. jarl av Derby (29. mars 179923. oktober 1869) var ein britisk konservativ politikar. Han var britisk statsminister i tre korte periodar som til saman talde tre år og 280 dagar. Smith-Stanley er derimot den lengst sitjande partileiaren av det konservative partiet gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Smith-Stanley var son av Charlotte Margaret Hornby (dotter av pastor Geoffrey Hornby) og Edward Smith-Stanley, 13. jarl af Derby (1775–1851). Familien høyrte til den britiske landadelen med sete i Knowsley Hall i Lancashire. Han blei utdanna ved Eton og ved Christ Church i Oxford

Faren var medlem av Underhuset frå 1796 til 1832 og av Overhuset frå 1832 til han døydde i 1851. Han var naturforskar innan zoologi, og papegøyearten Lord Derby's Parakeet (Psittacula derbiana) har namn etter han. Han var også president for Linnéselskapet i London.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

I 1825 gifta Edward Smith-Stanley seg med Emma Caroline Bootle-Wilbraham, dotter av Edward Bootle-Wilbraham, 1. Baron Skelmersdale (1771–1853).

Paret fekk tre birn:

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Lord Stanley mål av Thomas Henry Illidge i 1844.

I 1822 blei Edward Stanley, som han då blei kalla, vald inn til parlamentet for den rotne valkrinsen Stockbridge for Whig-partiet, som familien hans tradisjonelt representerte.[1] Men berre to år seinare gjekk han imot partiet ved å røysta mot Joseph Hume sitt framlegg om ei undersøking av Church of Ireland.[2] Då Whig-partiet fekk makta att i 1830, blei Stanley Chief Secretary for Ireland i Lord Grey si regjering. I 1833 fekk han ei høgare stilling som Secretary of State for War and the Colonies, og var mellom anna ansvarleg for loven om oppheving av slaveriet.[3]

Frå 1834 til 1851 var han kjend som Lord Stanley. I 1851 arva han tittelen til faren, og blei earl eller jarl av Derby.

Konservativ[endre | endre wikiteksten]

I 1834 braut lord Derby med regjeringa over reforma av Church of Ireland. Han leia ei gruppe Whig-ar som gradvis fjerna seg frå dette partiet og i staden blei del av Robert Peel sitt konservative parti. Stanley var minister i Peel si andre regjering frå 1841. Han blei medlem av Overhuset i 1844. I 1845 braut han med regjeringa over spørsmålet om avskaffinga av dei såkalla Corn Laws, som la høge tollsatsar på importert korn. Han fekk med seg størsteparten av det konservative partiet, som han blei leiar av 29. juni 1846. Han var den andre leiaren av dette nye partiet.

Regjeringsleiar[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Derby-regjeringa frå 1867, utført i 1868 av Henry Gales.

I februar 1852 danna Derby ei mindretalsregjering, kjend som The Who? Who? ministry ettersom den aldrande og tunghøyrde Arthur Wellesley, hertugen av Wellington, ropte «kven? kven?» etterkvart som namna på dei unge, uerfarne ministrane blei lesne opp.[4] Regjeringa fall i desember same året etter at Benjamin Disraeli la fram eit omstridd statsbudsjett.

I 1858 skipa lord Derby ei ny mindretalsregjering. Denne regjeringa avvikla Det britiske austindiske kompaniet etter Det indiske opprøret i 1857 og la Britisk India under direkte styre. Igjen var regjeringa kortliva, og blei fella av ei gruppering av Whig-ar og radikale som hadde skipa Det liberale partiet.[5]

Karikaturteikning av lord Derby frå Vanity Fair i 1869. Teksten under seier om statsmannen: «It is his mission to stem the tide of democracy.»

I 1859 blei Derby utnemnd til riddar av Hosebandordenen.[6]

Han danna si siste regjering i 1866, igjen med Disraeli som ein leiande figur. Denne regjeringa er særleg kjend for si Representation of the People Act 1867, også kjend som Reform Act 1867 eller Second Reform Act, som utvida røysteretten for menn. Loven var omstridd, og førte til at tre ministrar forlét regjeringa.

Tidleg i 1868 trekte lord Derby seg tilbake frå politikken av medisinske grunnar. Disraeli etterfølgde han.[7] I 1869 blei han utnemnd til riddar av Sankt Mikaels og Sankt Georgs orden for si rolle som Secretary of State for War and the Colonies.[8]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det nasjonale skulesystemet i Irland, den viktigaste grunnskuleforma i republikken, blei skipa av Stanley gjennom det såkalla Stanley Letter.

Fort Langley i Britisk Columbia blei omdøypt til Derby av ingeniørkorpset Royal Engineers i 1858, truleg etter jarlen av Derby, som var statsminister på den tida. Andre stader kalla opp etter Edward Smith-Stanley er Stanley (eller Port Stanley) på Aust-Falkland, hovudstaden på Falklandsøyane, Port Stanley i Ontario i Canada og Stanley i Hong Kong. Det er også Stanly county i Queensland i Australia. Dette har lite funksjon i seg sjølv, men omfattar den viktige australske byen Brisbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hawkins, Angus (2007). The Forgotten Prime Minister – The 14th Earl of Derby Volume I Ascent: 1799–1851 (1st utg.). New York: Oxford University Press Inc. s. 29. ISBN 9780199204403. 
  2. Hawkins Vol I p32–3
  3. Hawkins Vol I p125–134
  4. Bloy, Marjorie (2011). «Biography-Edward George Geoffrey Smith Stanley, 14th Earl of Derby (1799–1869)». A Web of English History. Arkivert frå originalen den 14 May 2011. Henta 6 April 2011. 
  5. Hawkins Vol II pp 223–7
  6. «ELECTION and INVESTITURE of the EARLS of HARROWBY and DERBY», The London Gazette: 2549, 1. juli 1859  Den ukjende parameteren |no= vart ignorert (hjelp)
  7. Hawkins Vol II pp 364–6
  8. «COLONIAL OFFICE», The Edinburgh Gazette: 794, 2. juli 1869  Den ukjende parameteren |no= vart ignorert (hjelp)
  • Hawkins, Angus. "Lord Derby and Victorian Conservatism: a Reappraisal." Parliamentary History 6.2 (1987): 280–301.
  • Hawkins, Angus (2007). The Forgotten Prime Minister – The 14th Earl of Derby Volume I Ascent: 1799–1851. New York: Oxford University Press. ISBN 9780199204403. 
  • Hawkins, Angus. The Forgotten Prime Minister: The 14th Earl of Derby: Volume II: Achievement, 1851–1869 (Vol. 2. Oxford University Press, 2007).
  • Hicks, Geoffrey. Peace, war and party politics: the Conservatives and Europe, 1846–59 (Manchester UP, 2007).
  • Jones, Wilbur. Lord Derby and Victorian Conservatism (1956).
  • Stewart, Robert. The Politics of Protection: Lord Derby and the Protectionist Party, 1841–1852 (Cambridge UP, 1971).
  • Ward, J. T. " Derby and Disraeli" in Donald Southgate, ed. The Conservative Leadership 1832–1932 (1974) online