Edward Augustus, hertug av Kent og Strathearn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edward av Kent)
Edward Augustus

Fødd2. november 1767
Buckingham Palace i London
Død23. januar 1820
Woodbrook Cottage i Sidmouth i Devon
TittelHertug av Kent og Strathearn
Alle titlarHKH Hertugen av Kent
HKH Prins Edward August
Hus eller slektFyrstehuset Hannover
GravstadSt. George's Chapel
LandDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
MorCharlotte av Mecklenburg-Strelitz
FarGeorg III
EktefelleVictoria von Sachsen-Coburg-Saalfeld
SambuarMadame de Saint-Laurent
BarnVictoria av Storbritannia, Edward Schencker Scheener, Adelaide Dubus, John St. Alban Sewell

Prins Edward Augustus, hertug av Kent og Strathearn (2. november 176723. januar 1820) var ein britisk prins, den fjerde sonen av kong Georg III og Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Han var far til dronning Victoria.

Edward blei hertug av Kent og Strathearn og jarl av Dublin den 23. april 1799,[1] same året som han blei øvstkommanderande for dei britiske styrkane i Nord-Amerika.[2] 23. mars 1802 blei han utnemnd til guvernør av Gibraltar, ein tittel han heldt fram til han døydde. Hertugen blei utnemnd til feltmarskalk (Field-Marshal of the Forces) 3. september 1805.[3]

Prins Edward var det første medlemmet av den britiske kongefamilien som budde i Nord-Amerika over ein lengre periode (1791–1800). I 1794 blei han den første prisen til å vitja USA etter sjølvstendet. I nyare tid er han blitt omtalt som «far til den kanadiske krona» for innverknaden sin på utviklinga av Canada.[4] Han skal også ha vore den første som nytta omgrepet «kanadiar» om både franske og engelske busetjarar i øvre og nedre Canada den 27. juni 1792, i eit forsøk på å roa opptøyar mellom dei to gruppene.[5]

I 1818 gifta Edward av Kent seg med enkeprinsessa av Leiningen, Viktoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld. Dei fekk ei dotter, den seinare dronning Victoria, som blei fødd i 1819. Mindre enn eit år seinare, den 23. januar 1820, døydde prinsen av lungebetennelse. Han blei gravlagd i St. George's Chapel ved Windsor Castle. Far hans, Georg III, døydde seks dagar seinare. Broren Vilhelm IV blei ny konge, men ettersom ingen av dei eldre brørne hadde overlevande ektefødde barn, blei Victoria dronning etter Vilhelm.

Fleire stader er kalla opp etter prinsen, mellom anna Prince Edward Island i Canada og Prince Edward Island, ei av Prince Edwardøyane, i Sør-Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitehall, 23 April 1799.
    The King has been pleased to grant to His Most Dearly-Beloved Son Prince Edward, and to the Heirs Male of His Royal Highness's Body lawfully begotten, the Dignities of Duke of the Kingdom of Great Britain, and of Earl of the Kingdom of Ireland, by the Names, Styles, and Titles of Duke of Kent, and of Strathern, in the Kingdom of Great Britain, and of Earl of Dublin, in the Kingdom of Ireland. London Gazette issue 15126, page 372, published 20 April 1799.
  2. Whitehall, 17 May 1799.
    The King has been pleased to appoint His Royal Highness General Edward Duke of Kent, K.G. to be General and Commander in Chief of His Majesty's Forces in North America, in the Room of General Robert Prescott. London Gazette issue 15133, page 458, published 14 May 1799.
  3. London Gazette issue 15840, page 1114, published 3 September 1805
  4. Michael Taube, "A Neglected Royal" (Toronto: Literary Review of Canada, 2013), 43.
  5. Nathan Tidridge, "Prince Edward, Duke of Kent: Father of the Canadian Crown (Toronto, Dundurn Press, 2013), 90.

Spire Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.