Edwin Flack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edwin Flack

Statsborgarskap Australia, Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 5. november 1873
London
Død

10. januar 1935 (61 år)
Berwick

Yrke tennisspelar, friidrettsutøvar, maratonløpar, mellomdistanseløpar
Språk engelsk
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Edwin Flack på Commons
Medaljeoversikt
Tevla for Australia
Friidrett
Gull Sommar-OL 1896 800 meter
Gull Sommar-OL 1896 1 500 meter
Tevla for eit Flagget til Olympiske leikar blanda lag
Tennis
Bronse Sommar-OL 1896 Dobbel

Edwin Harold Flack (fødd 5. november 1873 i London, død 10. januar 1935 i Berwick), òg kjend som Teddy Flack, var ein australsk friidrettsutøvar og tennisspelar. Han var den fyrste olympiske utøvaren som representerte Australia.

Sommar-OL 1896[endre | endre wikiteksten]

Flack kom fram til Aten i Hellas etter seks ukomfortable reisedagar med jarnbane og båt. På opningsdagen av leikane vann han sitt fyrste laup, fyrste heat på 800 meter, på tida 2:10.0. Den andre dagen deltok han mot den amerikanske favoritten, Arthur Blake, på 1 500 meter. På den fjerde dagen vann han finalen på 800 meter på tida 2:11.0.

Dagen etter deltok han i maraton sjølv om han ikkje hadde sprunge meir enn ti miles, mindre enn halvparten av maratondistansen. Store delar av laupet var han på andreplass bak franske Albin Lermusiaux som fekk bronsemedalje på 1 500 meter. Etter 32 kilometer braut Lermusiaux laupet og Flack tok over leiinga, men kollapsa då det berre var tre kilometer att. Ein gresk tilskodar prøvde å hjelpe, men vart slått i bakken av Flack. Flack vart teken ut av laupet.

Flack deltok òg i tennisturneringa, både singel og dobbel. Han tapte mot greske Aristídis Akratópoulos i den fyrste runden i singel. I dobbel spelte han saman med britiske George S. Robertson for blanda lag. Dei vann den fyrste runden og kvartfinalen, men måtte sjå seg slått av grekaren Dionýsios Kásdaglis, oppført som egyptisk i nokre kjelder, og Dimítrios Petrokókkinos, ikkje identifisert med nokon nasjon. Flack og Robertson fekk dimed berre bronsemedalje. Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komité (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.

Flack var ein populær utøvar under leikane i 1896 og var ofte referert som «Lion of Athens» (Løva av Aten).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]