Edøyskipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skipet vart funne i ein åker nord for Edøy gamle kyrkje

Edøyskipet er restane av eit skip frå mellom år 500 og 1000, norsk vikingtid eller merovingartid, som ligg under ein tidlegare gravhaug på jordet på Edøya i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Funnet ligg rett nord for Edøy gamle kyrkje. Skipet vart oppdaga i 2019 like ved skipsleia langs Mørekysten inn mot Trondheim.

Gravhaugen har hatt ein diameter på omkring 18 meter, og frå radaren seier forskarar ved NIKU at dei verna delane av skipet kan ha ei lengd på minst 13 meter. Ut frå dette reknar dei med at skipet opphavleg var 16-17 meter langt.[1] Restane etter Edøyskipet er per 2021 enno ikkje gravne ut.

Funnstaden[endre | endre wikiteksten]

Arkeologar undersøkte i 2019 området med georadar som del av eit prosjekt finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, ettersom Edøya alt var kjent som ei plass med mange fornminne. På radarbiletet kom skipet opp som ein såkalla «anomali», dvs. eit ikkje forventa mønster.[2]

Jorda omkring funnstaden vart kartlagd i september 2018. Deretter undersøkte arkeologar frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) jorda med ein georadar som ved hjelp av elektromagnetiske signal registrerer visse eigenskapar til jordsmonnet. På denne måten laga dei eit digitalt kart over strukturar under jordoverflata.[3]

Funnet var del av eit prosjekt finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Edøya var utvald for prosjektet ettersom det alt var kjent som ei plass med mange fornminne.[2] Øya er òg kjend for Kulisteinen, ein runestein reist under kristninga av Noreg. På sørsida av Edøyfjorden, i den andre sida av skipsleia, ligg Solskjel der det er kjend to slag frå Noregshistoria; eit sagaslag under Harald Hårfagres rikssamling på slutten av 800-talet, og eit slag i 1208 i borgarkrigstida.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skipsfunn på Edøy». 22. november 2019. Henta 18. desember 2019. 
  2. 2,0 2,1 Bjørneset, Olaug (22. november 2019). «Over 1000 år gammalt skip funne på Smøla». Henta 22. november 2019. 
  3. «(+) Geoskanning skal avdekke historien» (på norsk). 28. september 2019. Henta 24. november 2019.