Eero Kolehmainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eero Kolehmainen

Kolehmainen under Vinter-OL 1956
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. mars 1918
Anttola
Død

7. desember 2013 (95 år)
Sankt Michel

Yrke langrennsløpar
Høgd 171 centimeter
Eero Kolehmainen på Commons

Eero Johannes Kolehmainen (24. mars 19187. desember 2013) var ein finsk langrennar frå Anttola i Södra Savolax som tok OL-sølv på femmila i 1952. Han vann 50 km i Lahti i 1956 og 1957, samt i Holmenkollen i 1957.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kolehmainen var ein av dei mest typiske femmilsslukarane. Han deltok i 1951 i Holmenkollen og vart nummer to på femmila, bak den regjerande olympiameisteren, Nils Karlsson frå Sverige. Året etter var Kolehmainen tilbake i Kollen-løypene, der han vann sølvmedaljen på femmila under dei olympiske vinterleikane 1952 i Oslo.

Kolehmainen utmerka seg ikkje under Ski-VM 1954 i Falun, men stod same sesongen for sterke prestasjonar i Lahti og i Oslo. I Lahti-spelen vart nummer to på femmila, som i Oslo-OL fann han sin overmann i landsmannen Veikko Hakulinen. Han vart så nummer tre på femmila i Holmenkollen, bakom vinnaren Martin Stokken og svensken Sixten Jernberg.

I 1956 vart Kolehmainen nummer fire på 50 km under Vinter-OL i Cortina d'Ampezzo. Ein månad seinare vann han same distansen i Lahti, to minuttar føre Arvo Viitanen, med Hakulinen på tredjeplass. Vinteren 1957 gjekk Kolehmainen til topps på femmila både i Lahti og i Holmenkollen. Under Ski-VM 1958 på finsk heimegrunn gjekk han inn til femteplass på 50-kilometeren.

Kolehmainen tok pallplassar på femmil i Holmenkollen både i 1959 og 1960. I 1959 kom han inn til andreplass, eitt-og-eit-halvt minutt bak Sverre Stensheim, medna han året etter vart nummer tre. I 1961-sesongen gjekk han i mål til ellevteplass på femmila i Lahti, nær 43 år gammal.

I 1957 vart Kolehmainen tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.