Eero Mäntyranta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eero Mäntyranta

Statsborgarskap Finland
Fødd 20. november 1937
Pello
Død

30. desember 2013 (76 år)
Uleåborg

Yrke langrennsløpar
Høgd 170 centimeter
Eero Mäntyranta på Commons
Eero Mäntyranta under vinter-OL 1964

Eero Antero Mäntyranta (20. november 193730. desember 2013) var ein finsk langrennsløpar som vann tre olympiske gullmedaljar og to VM-gull. Han vart stafettmeister under vinter-OL 1960, verdsmeister på 30 km i 1962 og 1966, samt olympisk meister på både 30 km og 15 km i 1964. I alt fekk han sju olympiske medaljar i perioden 1960-68 og fem medaljar i verdsmeisterskap i ski åra 1962-66.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mäntyranta var fødd i Turtola, heilt vest i det finske landskapet Lappland. Han deltok internasjonalt fyrste gongen i vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Etter å ha vorte nummer seks og neste beste finne på 15 km, fekk han gå andre etappen på 4x10 km stafett. Saman med Toimi Alatalo, Väinö Huhtala og Veikko Hakulinen, sistnemnde slo norske Håkon Brusveen i spurten, syrgde han for olympisk gull for Finland. I 1961 fekk Mäntyranta sitt definitive gjennombrot då han vann ein suveren siger på 30 km i Svenska skidspelen, framom landsmennene Pentti Pesonen og Veikko Räsänen.

Ski-VM 1962 i Zakopane opna med at Mäntyranta tok sin fyrste invididuelle gullmedalje då han slo Janne Stefansson frå Sverige med knapt ti sekundar på tremila. På 15 km vart Mäntyranta nummer fem, før han dagen etter gjekk Finland inn til sølvmedaljar på stafetten. Seinare i VM-sesongen vart han nummer to på 30 km i Svenska skidspelen, fire sekundar bak svenske Rolf Rämgård, før han vann 15 km i Holmenkollen.

OL-sesongen 1964 var Mäntyranta i sitt livs form. Han var i særklasse best både på 30 km og på 15 km under vinter-OL i Innsbruck, begge gongane vart nordmannen Harald Grønningen vinnar av sølvmedaljen. På 4x10 km stafett gjekk han på ny ankeretappen, der han måtte gje tapt for Assar Rönnlund og Sverige, men slo Ivan Utrobin og Sovjetunionen med fire sekundar i kampen om OL-sølv. Etter dei olympiske leikane i Innsbruck vann Mäntyranta 15-kilometeren i både Lahti og i Holmenkollen, samt tok ein andreplass på 30 km i Svenska skidspelen i Kiruna. Også sesongen etter vart han nummer to i Svenska skidspelen.

Mäntyranta vann opningsdistansen over 30 km under ski-VM 1966 i Oslo, der landsmannen Kalevi Laurila ordna finsk dobbletsiger. Sidan i verdsmeisterskapen vart Mäntyranta nummer seks på 15 km, før han gjekk Finland inn til VM-sølv på stafetten, over minuttet bak det suverene norske laget. Han avslutta med å ta bronsemdaljen på 50 km, bakom verdsmeister Gjermund Eggen frå Noreg og sin eigen landsmann, Arto Tiainen. Etter Oslo-VM vart Mäntyranta nummer to på 50 km i Lahti, vel halvminuttet bak landsmannen og femmilsslukaren Kalevi Hämäläinen. Dette var fyrste gongane Mäntyranta utmerka seg i femmilsløp, han treivst mykje betre med dei kortare langrennsdistansane. I 1967 var Mäntyranta tilbake i Kollen-løypene, der han kom på andreplassen på 15 km, slått med tolv sekundar av det store overrasskingsmannen Anatolij Akentjev frå Sovjetunionen.

Etter tre strake meistertitlar på 30 km, 1962, -64 og -66, måtte Mäntyranta nøye seg med bronsemedaljen på 30 km under vinter-OL 1968 i Grenoble. På 15 km var han nær ved å forsvare OL-tittelen i øvinga, men måtte seg slått med 1,9 sekundar av Harald Grønningen som hadde gått på eit svært lågt startnummer, noko som den dagen viste seg å vere ein fordel. Som vanleg gjekk Mäntyranta ankeretappen for Finland, der han slo Sovjetunionens Vjatsjeslav Vedenin i kampen om OL-bronsen. Seinare i 1968 måtte Mäntyranta gje tapt i kampen om sigeren på 15 km i Lahti, slått av vinnaren Pål Tyldum med eitt sekund, før han revansjerte seg i Holmenkollen og tok ein suveren siger framom same Tyldum.

Mäntyranta trappa ned etter 1968-sesongen. Han gjorde comeback i 1972, og fekk delta i sine fjerde olympiske leikar. I OL-løypene i Sapporo gjekk han inn til 19. plass på 30 km. Etter leikane vann han sin siste store triumf då han sigra klart på 15 km i Lahti.

I fødebygda Pello er reist ein statue og finst eit eige museum som handlar om Eero Mäntyranta. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar