Efemeridetid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Efemeridetid er ei tid korrigert for uregelmessigheiter i rotasjonstida til jorda. Efemeridetid vert hovudsakleg avgjort frå observasjonar av månen si rørsle mot bakgrunnen av stjerner. Frå 1960 til 1983 nytta ein efemeridetid i staden for verdstid i dei astronomiske årbøkene. Frå byrjinga av 1984 er efemeridetid erstatta av dynamisk tid.

Ein eferemide er ein tabell over føreutrekna posisjonar for himmellekamar. Omgrepet vert òg nytta i tydinga astronomisk årbok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]