Egeisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Egeisk er eit upresist namn på førgreske språk som vart talte i området kring Egearhavet lenge før indoeuropeiske erobrarar kom til området kring 2000 fvt. Problemet med omgrepet «egeisk» i denne samanhengen er at det truleg dekte fleire særs forskjellige språk, og ofte vert det nytta synonymt med minoisk, som hovudsakleg vart nytta på Kreta. Dei egeiske språka la grunnlaget til utviklinga av det greske språket i det dei næraste påfølgjande hundreåra og gresk har utvilsamt lånt mange ord frå desse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]