Egersund Fayancefabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egersund Fayancefabrik. Illustrasjon i Verdens Gang (1868–1923) av Waldemar Waldor, 1884.

Egersund Fayancefabrik var ein fabrikk som verka frå 1847 til 1974. Han laga fajanse, hovudsakleg brunt steintøy med mykje av den lokale blåleira i, men òg gule servise av engelske leire.

Verksemda blei grunnlaga av Johan Feyer, som hadde lært pottemakarkunsten i Newcastle upon Tyne. Han tok med seg handverkarar heim til Egersund slik at dei kunne læra opp norske arbeidarar. Egersund potteri var blitt til.

Fabrikken fekk mykje å seia for byen i dei åra han var til, og han blir i dag minna ved Fayancemuseet i Egersund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]