Eggøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eggøyo)
Eggøy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Folketal 0  (2023)
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 23
Kart
Eggøy
59°55′19″N 5°09′57″E / 59.92205°N 5.16596°E / 59.92205; 5.16596

Eggøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Nyleia, mellom Siglo i aust, Torsdagsøy i sør, Eidøy i vest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på øya vert kalla Austre Eggøy, medan Vestre Eggøy ligg på naboøya Eidøy. Opphavleg var Eggøy husmannsplass under Fitjargarden, som eigde øyane her vest til Trollosen. Plasset vart skuldsett som eigen gard i 1723.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av egg, og truleg var det mykje sjøfugl som hekka her i gammal tid, og så har øya fått namn etter det.

Gardnamnet har vorte skrive Egøen i 1718, Ægøen i 1816, Ekøen i 1838, Eggøen i 1890. Namnet vert i dag skrive Eggøy.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2] 2000
9 11 0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.