Eggebalansering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egg på høgkant

Eggebalansering er ein skikk som går ut på å plassera egg på høgkant. Han er kjend frå kinesisk kultur, og er også blitt spreidd til USA.

Sjølv om den ovale forma til egg gjer dei vanskeleg å setja på høgkant, har eggeskal vanlegvis fleire irregulære felt som gjer at ein kan setja dei opp utan større problem.[1] Folketru i samband med kinesisk nyttårfeiring, drakebåtfeiringa duanwu[2] og vårjamdøgn knyter eggebalansering til krafter frå månen eller sola, men ein kan utføra eggebalansering kva tid som helst.[1][3][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eggebalansering er blitt knytt til lichun, perioden i den kinesiske kalenderen som markerer byrjinga på våren ({{lang|zh|春) den 4. eller 5. februar når sola har lengdegradskoordinatane 315°. Denne dagen balanserte ein ferske egg på den breie enden.

I Taiwan har skikken tidvis vore knytt til drakebåtfeiringa duanwu i staden, på den femte dagen i den femte månaden av det kinesiske året.[5]

USA[endre | endre wikiteksten]

Ein artikkel i bladet Life frå 1945 rapporterte om an egg-balancing craze i Chungking (den dåverande hovudstaden i Kina) under lichun det året.[6] Denne artikkelen og liknande rapportar førte til ei liknande eggbalanseringsdille i USA, men halden på vårjamdøgn ved den vestlege byrjinga av våren i staden. Ideen om at egg er lettare å balansera denne dagen er sidan blei eit amerikansk vandresoge, og ein har tidvis halde eggebalanseringsarrangement denne dagen.[7] I 1976 byrja kunstnaren Donna Henes frå New York å organisera eggebalanseringsseremoniar med det erklærte målet om å oppnå fred i verda og internasjonal harmoni.[8] Dette blei til årlege hendingar i New York.

Andre metodar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gjera det lettare å balansera eit egg (eller juksa) ved å strø salt på overflata ein har tenkt å balansera egg på. Saltkrystalla gjer flata meir ujamn, slik at egget kan balansera mellom krystallar. Når egget står stødig kan ein blåsa bort resten av saltet, slik at metoden blir vanskeleg å merka.

Columbi egg er ei soge som går ut på at Christofer Columbus skal ha kome på ein enkel måte til å få eit egg til å balansera på: Ved å banka det i bordet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ukichiro Nakaya (Februar 2001) [1947]. «Egg of Li Chun». Essays (på japansk) 5. Iwanami Shoten. 
  2. -{姜}-義鎮 (3. juni 2002). 《台灣民俗與特產》 (på kinesisk). 臺灣: 武陵出版有限公司. ISBN 957351205X. 
  3. Schmid, Randolph. "Equinox Returns and Eggs Keep Balancing". Associated Press, 20. september 1987.
  4. Mikkelson, David & al. Snopes.com: "Infernal Egguinox". 2012.
  5. Huang, Ottavia. Hmmm, This Is What I Think: "Dragon Boat Festival: Time to Balance an Egg". 24. juni 2012. Vitja 3. november 2013.
  6. Annalee Jacoby (19. mars 1945). «Eggs Stand on End in Chungking». Life: 36–37. 
  7. Martin Gardner (May–June 1996). «The great egg-balancing mystery». Skeptical Inquirer 20. Arkivert frå originalen 21. februar 2007. 
  8. «The New Yorker». 4. april 1983.