Eggenstua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eggenstua er ei norsk bondestove frå 1697. Ho står i dag på Vingelen kirke- og skolemuseum i Tolga kommune i Nord-Østerdal. Opphavleg stod stova på garden Oppistu Røe like ved kyrkja, seinare vart ho nytta av folk som ingen heim hadde. I 1943 vart stova kjøpt av Eystein Eggen d. e., flytta og sett opp att på skoggrunn. Eggen budde då i Ålen. Dei fyrste som budde på den nye plassen var sonen Egil med kone, og barnebarnet forfattaren Eystein Eggen. Seinare flytta Eggen sjølv inn, skreiv mellom anna bygdebøkene for Bardu i Troms og Tylldal og Tolga i Hedmark. I dag vert stova nytta til kulturelle samkomer.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]