Eggedelar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eggskjerar)
Eggedelar med egg

Eggedelar er ein kjøkkenreiskap som kan dela eit skrella hardkokt egg i jamstore delar. Egget kan delast i skiver eller båtar.

Ein eggedelar har ei grop ein kan plassera i og som skjerereiskapane kan gå gjennom. Dei skjerande delane kan vera metallstrengar eller blad. Dei sit på ei plate som er festa til botne med hengsler og blir lukka for å dela egget.[1][2]

Eggedelaren blei skapa på byrjinga av 1900-talet av den tyske oppfinnaren Willy Abel (1875-1951), som også fann opp brødskjeraren og vaffeljern med hjarte.[3] Dei første eggedelarane blei laga i Berlin-Lichtenberg.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Egg slicer», Charles G. Sinclair, red., The International Dictionary of Food and Cooking, d. 184. Peter Collin Pub., 1998. Google Book Search. Henta 11. desember 2009.
  2. David Joachim, The Clever Cook's Kitchen Handbook: 5037 Ingenious Hints, Secrets, Shortcuts and Solutions, s. 161. Rodale Inc., 2002. Google Book Search. Henta 11. desember 2009.
  3. Berliner Zeitung vom 23. April 1997, HEIMATMUSEUM ZEIGT MEHR ALS HUNDERT JAHRE LICHTENBERGER INDUSTRIEGESCHICHTE, Der Eierschneider war ein Welterfolg [1] Arkivert 2015-06-27 ved Wayback Machine.
  4. «The Egg Slicer was a World-Wide Success (in German)». 23. april 1997. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. Henta 1. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eggedelar