Egil Østenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Østenstad
Personleg informasjon
Fullt namn Egil Johan Østenstad
Fødselsdato 2. januar 1972 (52 år)
Fødestad Haugesund
Høgd 1,83m[1]
Posisjon Angrep
Ungdomsklubbar
Torvastad IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990–1996 Viking FK 128 (54)
1996–1999 Southampton 96 (29)
1999–2003 Blackburn Rovers 62 (12)
2001Manchester City (lån) 4 (0)
2003–2004 Rangers 11 (0)
2004–2005 Viking FK 33 (16)
Totalt 334 (111)
Landslag
1993–2005 Noreg 18 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Egil Johan Østenstad (fødd 2. januar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Torvastad. Han var aktiv to periodar i Viking FK og deltok i 18 landskampar. Perioden 1996-2003 tenestegjorde han i engelsk klubbfotball. Østenstad var midtspiss.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Østenstad melde overgang frå fjerdedivisjonslaget Torvastad til Viking i 1990. Året etter fekk han ein del speletid på Viking-laget som vart seriemeister 1991, utan å få nok kampar til medalje. Gjennombrotet kom i 1993 då vart han lagets toppskårar med 10 seriemål. 1996-sesongen skåra Østenstad heile 23 mål i eliteserien, einast Rosenborgs Harald Brattbakk skåra fleire.

Hausten 1996 fekk Østenstad kontrakt med Southampton FC. Etter ein fin fyrste sesong fekk han noko mindre speletid etter byte av sjefstrenar. I slutten av august 1999 vart han overført til nivå 2-laget Blackburn Rovers. Også i Blackburn hadde han ein bra fyrste sesong, sidan vart det mykje benkesliting fram til 2003. Etter ein svak 2003/04-sesong i skotske Rangers FC reiste Østenstad tilbake til Stavanger og Viking FK. Han ytte mykje til at laget berga eliteserieplassen i 2004, men la opp ved sesongslutt i 2005.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Østenstad landslagsdebuterte borte mot Færøyane i august 1993. Han skåra to av måla då Noreg vann 7-0. I sin andre landskamp, borte mot Nord-Irland i Belfast 27. mars 1996, fastsette han sluttresultatet til 2-0. Også då Noreg vann med 4-2 over Brasil i ein vennskapskamp 30. mai 1997, skåra Østenstad det siste målet i kampen. Han var med i den norske troppa til Fotball-VM 1998, der var han innbytar i kampen mot [[Skottland]9 som enda 1-1. 7. september 2005 overraska landslagssjef Åge Hareide å starte VM-kvalifiseringskampen mot Skottland med Østenstad som midtspiss. Dermed fekk Østenstad sin 18. landskamp, over seks år etter den førre. Ikkje i ein einaste av dei 18 kampane spelte han i 90 minuttar. Totalt skåra han 6 mål for Noregs landslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chalk, Gary; Holley, Duncan; Bull, David (2013). All the Saints: A Complete Players' Who's Who of Southampton FC. Southampton: Hagiology Publishing. s. 421. ISBN 978-0-9926-8640-6.