Egil Danielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Danielsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1933
Hamar kommune
Død

29. juli 2019 (85 år)
Bergen

Yrke spydkastar, friidrettsutøvar, politikar
Høgd 182 centimeter
Egil Danielsen på Commons

Egil Danielsen (fødd 9. november 1933 på Hamar, død 29. juli 2019) var ein norsk friidrettsutøvar, medlem i Hamar Idrettslag, som vart olympiameister i spydkasting i 1956. Danielsen var 182 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 88 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Allereie før han fylte 17 år vann Danielsen bronsemedaljen i spydkast under noregsmeisterskapen i 1950. To år seinare vart det sølvmedalje, medan han deretter vart noregsmeister i spydkast fem år på rad (1953-57). I europameisterskapen 1954 kom han på 10. plass med eit kast på 67,78 meter.

Endå om Danielsen i 1956-sesongen hadde flest kast over 80 m, var den regjerande europameisteren Janusz Sidło frå Polen storfavoritt til OL-gullet i spydkast-tevlinga under Sommar-OL 1956 i Melbourne, den 26. november. Etter tredje omgangen leia Sidlo med eit kast på 79,98 m. Danielsen hadde eit bestekast frå første omgangen på 72,60 m. I fjerde omgangen smelte han til med eit kast på 85,71 meter, ny verdsrekord. Dermed vart han olympiameister med stor margin til andremann. Kastserien hans i tevlinga var 72,60 - 68,49 - 70,75 - 85,71 - 72,60 - 68,86. Utan kjempekastet hadde han hamna på sjetteplass. Etter OL i 1956 fekk Danielsen Fearnleys olympiske ærespris og Morgenbladets Gullmedalje.

Egil Danielsen i 1956

Både i 1956 og 1957 presterte Danielsen dei lengste spydkasta i verda. Første året med verdsrekordkastet i Melbourne, og i 1957 med eit kast på 84,00 m. I 1958 hadde han 82,49 m som årsbeste, einast ein mann i verda kasta lengre. Einast i desse tre åra kasta Danielsen over 80 meter. Ved europameisterskapen 1958 fekk han sølvmedaljen med eit kast på 78,27 m, bak nemnde Sidło.

I 1959 kasta Danielsen sitt lengste kast i noko NM, 75,98 m. Likevel vart det sølv, bak Willy Rasmussen. Året etter vart det ikkje medalje i NM, men han fekk billett til OL i Roma. Ved dei olympiske sommarleikane 1960 kasta han 72,93 m i kvalifiseringa. Og var med det 17. beste resultatet utslått.

Danielsen er heidra med ein statue rest utanfor skeisehallen VikingskipetHamar. Statuen er sidan flytta til Børstad idrettpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]