Egil Lillestøl
Egil Lillestøl | |
![]() | |
Fødd | 19. mars 1938 Bergen |
---|---|
Død | 27. september 2021 Valence |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | fysikar, professor |
Institusjonar | Norges Tekniske Vitenskapsakademi |
Alma mater | Universitetet i Bergen |
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi |
Egil Sigurd Lillestøl (19. mars 1938–27. september 2021) var ein norsk fysikar.
Lillestøl vart professor på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 1984. Han arbeida mykje med å popularisere fysikkforsking, særleg for ungdom. Han oppheldt seg ved CERN i Sveits kvart vårsemester der han var ansvarleg for den europeiske og for den latinamerikanske skule i partikkelfysikk. Lillestøl var i seinare år opptatt av globale energispørsmål og ei mogeleg løysing på dei globale energiproblema i form av ein akseleratordriven kjernereaktor basert på thorium. Lillestøl tok til orde for å etablere bruk av atomkraft for å løyse den internasjonale energikrisa,[1] og særleg gjekk han inn for at Noreg skulle bygge ein prototype på ein thoriumreaktor.[2][3] Han hadde og forskingsopphald ved College de France i Paris og DESY i Tyskland.
Han dreiv mykje med populariseringsarbeid i form av radio- og fjernsynsprogram, avisartiklar og foredrag. Han var med å skreiv den populærvitskapelege boka The Search for Infinity (1994, norsk omsetjing, Ferden mot det uendelige, 1995).
Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
I 2007 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris for «formidling av grunnleggande fysikk til skuleelevar og publikum».[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Egil Lillestøl» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.nettavisen.no/innenriks/politikk/article804115.ece
- ↑ http://www.apollon.uio.no/vis/art/2006_3/Artikler/thorium
- ↑ http://www.forskning.no/Artikler/2006/november/1162459085.68
- ↑ «Noregs forskingsråds prisar: prisvinnarar». Forskningsrådet. 9. juli 2009. Henta 16. august 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Publikasjonar av Egil Lillestøl i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin