Egil Søby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egil Søby
Egil Søby, Tore Berger 1968.jpg
Egil Søby til høgre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. november 1945
Tønsberg
Idrett padling
Yrke padler

Egil Vike Søby (fødd 25. november 1945) er ein norsk tidlegare kajakkpadlar frå Tønsberg som i 1968 vann olympisk gullmedalje saman med Steinar Amundsen, Tore Berger og Jan Johansen i K4-øvinga. Han var medlem av Tønsberg Kajakklubb.

Den 25. oktober 1968 var Søby ein av dei fire norske padlarane som vann K4-tevlinga under Sommar-OL 1968 i Xochimilco-vatnet sør om Mexico-byen, 0,43 sekund framom Romanias mannskap. Sigeren var den einaste norske deltakarar vann i Mexico-leikane, noko dei vart tildelt Fearnleys olympiske ærespris 1968 for. Det same norske mannskapet vann sidan EM-gull 1969 og VM-gull i 1970, samt OL-bronse i 1972 i K-4. Søby tok elles VM-sølv i 1966 og 1971 og EM-sølv i 1969 i toarkajakk i par med Jan Johansen. I 1967 sikra han seg bronsemedaljen i einarkajakk. Søby var elles med å vinne 7 nordiske meistertitlar. I tida 1962–74 vann han 47 NM-medaljar og vart tildelt 8 kongepokalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]