Eglinton-elva

Koordinatar: 45°10′S 167°49′E / 45.167°S 167.817°E / -45.167; 167.817
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eglintonelva)
Eglinton-elva
elv
Land New Zealand New Zealand
Lengd 50 km
Kjelde Gunn-sjøen
Munning Te Anau-sjøen
Kart
Eglinton-elva
45°07′12″S 167°55′30″E / 45.12°S 167.925°E / -45.12; 167.925
Wikimedia Commons: Eglinton River

Eglinton-elva er ei elv i regionen Southland sørvest på New Zealand. Ho renn gjennom Fiordland National Park i 50 kilometer. Utløpet er frå Lake Gunn, 25 kilometer aust for Milford Sound. Elva renn i sørleg retning før ho munnar ut i den austlege breidda til Te Anau-sjøen, på motsett side av inngangen til Nordfjorden.

I større del av lengden til elva, er ho følgd av den einaste hovudvegen i regionen, riksveg 94 frå Te Anau til Milford Sound.[1] Den sørlege enden til Milford Track ligg nær Eglinton-elva.

Dei første europearane som utforska elva var David McKellar og George Gunn, i 1861.[2] Elva fekk namn etter Archibald Montgomerie, 13. jarl av Eglinton av James McKerrow, ein landmålar i Otago.[3] Vegen, som no er riksveg 94, vart bygd i 1935, og opna opp dalen for tilreisande.[2]

Vassføringa i elva er lita der ho renn ut frå Lake Gunn, men vert betydeleg auka av Cascade Creek, som renn saman med henne like sør for innsjøen. Der er korte slukter mellom Gunn-sjøen og Cascade Creek, og nedanfor tilsiget av Walker Creek. Sjølv om ein har padla i kajakk på elva frå Cascade Creek, er det vanlegvis ikkje nok vatn så langt oppe, og elvepadling er meir vanleg nedanfor staden der den austlege armen renn saman med henne.[4] Ein kan fanga aure og regnbogeaure i elva opp til Cascade Creek.[5] Hjortedyr kan jaktast i heile området, og villsvin held til nær elveosen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Dowling, red. (2004). Reed New Zealand Atlas. Reed Books. s. kart 89, 97. ISBN 0-7900-0952-8. 
  2. 2,0 2,1 «Eglinton River». An Encyclopaedia of New Zealand. 1966. Henta 29 July 2009. 
  3. Discover New Zealand:A Wises Guide (9 utg.). 1994. s. 451. 
  4. Egarr, Graham (1995). New Zealand's South Island Rivers. s. 75. ISBN 0-473-02959-6. 
  5. «Eglinton River Fishing». nzfishing.com. Henta 22. juli 2015. 
  6. «Find out about the animals you can hunt in Fiordland». Department of Conservation. Henta 22. juli 2015. 

45°10′S 167°49′E / 45.167°S 167.817°E / -45.167; 167.817