Hopp til innhald

Egmont nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egmont National Park
nasjonalpark
Land  New Zealand
Region Taranaki
Areal 335 km²
Grunnlagd 1900
Tidssone +12
Kart
Egmont National Park
39°16′00″S 174°06′00″E / 39.266666666667°S 174.1°E / -39.266666666667; 174.1
Wikimedia Commons: Egmont National Park

Egmont National Park er ein nasjonalpark sør for New Plymouth, nær vestkysten på NordøyaNew Zealand. Han har fått namn etter fjellet som dominerer i parken, og som sjølv vart namngjeve av kaptein James Cook etter John Perceval, 2. jarlen av Egmont og First Lord of the Admiralty, som støtta den første reisa til Cook. Taranaki har vore māorinamnet på fjellet i mange hundre år, og fjellet har no to offisielle namn, Mount Taranaki og Mount Egmont.

Parken, som vart oppretta i 1900, er dominert av den sovande vulkanen Mount Taranaki.[1] Årleg får parken ei stor mengde nedbør som for det meste er orografisk av natur etter som vestavindane som kjem inn over landet frå Tasmanhavet støyter mot Mount Taranaki og dei nærliggjande høgdedraga Pouakai og Kaitake ranges og vert tvinga til å stiga. Sidan området har ei stor årleg nedbørsmengd og eit mildt kystklima, er det ein frodig regnskog som kler foten av fjellet - denne skogen er nasjonalt viktig, etter som han er kjenneteikna av totalt fråvær av sørbøketre (slekta Nothofagus).

Skogen er er rik på treslaga Northern rātā og Rimu, i tillegg til dekkfrøplantar, sjølv om økosystemet i heile parken viser tydelege spor av vegetativ soneseparasjon - dei nemnde to store treslaga er vanlege i dei lågare høgdene, medan Kamahi søkjer å dominera i den høgareliggjande småskogen. I desse urskogane er kronebregne, Blechnum discolor, dominerande mellom artene i underskogen [2].

Satellittbilete av Mount Taranaki frå NASA-Johnson Space Center som viser den tilnærma sirkulære Egmont National Park som omkransar fjellet.
Satellittbilete av Egmont National Park.
Foto: NASA

Karakteren av plantesamfunna held fram med å endra seg med stigande høgde, til subalpine og alpine buskvekstar høgast oppe. Dette står i sterk kontrast til det omliggjande oppdyrka beite- og jordbrukslandet. Eit særskilt geomorfologisk kjenneteikn i denne parken er det radiale dreneringsmønsteret, som er tydeleg på satellittbiletet nede til høgre.

Ahukawakawa swamp er eit sjeldant, høgtliggjande (920 m) våtmarksområde med torvmosar (Sphagnum) som ligg mellom Mount Taranaki og Pouakai range. Det inneheld mange endemiske artar som er tilpassa sur jord og låge temperaturar.[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Volcano Fact Sheet: Mount Taranaki / Egmont Volcano» (PDF). GNS Science. 2010. Henta 30. april 2012. 
  2. C. Michael Hogan (2009). «Crown Fern: Blechnum discolor». Henta 30. april 2012. 
  3. «Ahukawakawa Swamp». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]