Hopp til innhald

Egyptisk mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egyptisk gravmåleri

Egyptisk mytologi eller eigentleg meir korrekt egyptisk religion viser til dei religiøse trusforestillingane og den skaren med gudar som dei tilbad i det gamle Egypt før kristendomen og islam etablerte seg i landet. Denne religionen utgjorde det etablerte religiøse systemet i Egypt under ei tid på meir enn 3 000 år, og gudane sine funksjonar og kulten deira varierte naturlegvis monaleg i løpet av denne lange perioden.[1]

Ein viktig skilnad mellom gresk mytologi og egyptisk er at dei egyptiske gudane bruka bli framstilte med menneskekropp og dyrehovud.med vidare.

Dei egyptiske gudane kan i noko monn delast i tre grupper: Det er gudar som kan knyttast til bestemte byar, som Amon knyttast til Teben, Ptah til Memfis, Tot til Hermapolis med vidare. Og så er det gudar som knyttast til ulike delar av kosmos, som Ra knyttast til sola, Horus og Hathor knyttast til himmelen. Ei tredje gruppe er gudar som knyttast til særlege funksjonar, som Ptah som er håndverkarnes beskytter, Osiris som knyttast til funksjonar i dødsriket (balsamering) med vidare.[2][3]

  1. The Complete Gods and Goddesses of Ancient Egypt. Thames & Hudson Ltd. 2003. s. 12-15. ISBN 978-0-500-28424-7.
  2. Oldtidens religioner. Oslo: Pax. 2010. s. 20-22. ISBN 9788253032528.
  3. Fletcher, Joann (2000). De gamle egypterne. Oslo: Cappelen. s. 40. ISBN 8202195837.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Egyptisk mytologi