Ehsan Hadadi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ehsan Hadadi


Ehsan Hadadi under Sommar-OL 2016

Statsborgarskap Iran
Fødd 20. januar 1985 (39 år)
Teheran
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Asialeikene 2006, Asialekene 2014, Asialekene 2010, Friidrett under Sommar-OL 2016, Asiamesterskapet i friidrett 2017, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast herrer

Ehsan Hadadi (farsi: احسان حدادی ) (fødd 20. januar 1985) er ein diskoskastar frå Iran. Hadadi har fleire gonger vorte asiatisk meister i diskoskast i åra 2005-2011. Ehsan Hadadi held den noverande asiatiske rekorden i diskoskast. Den vart sett 3. juni 2008 i Tallinn og er på 69,32 meter.

Ehsan Hadadi deltok for fyrste gong under VM i friidrett 2011 i Daegu i Sør-Korea. Her vann han bronsemedalje med eit kast på 66,08. Berre estiske Gerd Kanter og tyskaren Robert Harting kasta lengre.

Hadadi debuterte i olympiske leikar under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk sølv med eit kast på 68,18; igjen slått av Robert Harting. Iran, som har delteke i OL sidan sommar-OL 1948, har tidlegare berre vunne medaljar i bryting, vektløfting og taekwondo. Det olympiske sølvet i diskoskast vart difor ein milepåle for Iran som idrettsnasjon.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]