Ei krasafaren steinbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg skull' te fjells for å jakte rein.
Bussen va ganske sein, eg skulde gå te Hein.
Været va ruskut og tungt og grått.
Lendet va sleipt og vått,
sjøl vart eg redd so smått.
Hadde verken kart ell kompass,
burde jaddi hugst på sopass.
Jævlig dumt syns vel du?

Arne Moslåtten

«Ei krasafaren steinbu» er ein av det norske bandet Hellbillies sine store slagerar frå albumet Pela stein frå 1993. Songen skildrar korleis ein reinjegar går seg vill på fjellet i dårleg vær og søkjer ly i ei steinbu langt borte frå alt og alle («krasafaren» tyder «nedslite av ytre påverknader over lang tid»[1]).

Songen er ei omarbeidd utgåve av «Past the Point of Rescue» skrive av iren Mick Hanley[1] for den irske folkemusikaren Mary Black i 1989.[2] Amerikanske Hal Ketchum spelte denne songen i 1991.[3] Norsk tekst er skrive av Arne Moslåtten.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]