Eidøyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidøyo
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 24

Eidøyo er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Trodlosen, mellom Eggøyo i aust, Tverdarøyo i sør, Hanøyo i vest og Selbjørnsfjorden i nord.

Øya er kring 50 hektar stor. Ho er kring 1,4 km lang og kring 600 meter på det breiaste.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på øya høyrde til Føyen skipreide i gammal tid, saman med Brandasundsøyane lenger vest. Garden er ikkje særskild gamal og vart truleg skyldsett som eigen gard i 1723.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya har same opphav som naboøya Eggøyo, så gardsnamnet vert stundom kalla Vestre Eggøy. Desse namna kjem truleg av at det var mykje sjøfugl som hekka på øyane og la egg her. Det noverande namnet på øya kjem av eit lågt eid som nesten delar øya i to.

Namnet har tidlegare vorte skrive Egøen, og nokre gonger Engøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.