Eid kyrkje i Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eid kyrkje i Nordfjordeid)
Eid kyrkje
kyrkje
Foto: Henny Stokseth
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Eid
Fellesråd Stad
Type Langkyrkje
Arkitekt Claus Wiese[1]
Teknikk Tømra
Innvigd 29. oktober 1849[1]
 - Endringar 1915
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 750[1]
Kart
Eid kyrkje i Nordfjord
61°54′41″N 5°59′06″E / 61.9113°N 5.9851°E / 61.9113; 5.9851
Wikimedia Commons: Eid kyrkje, Nordfjordeid

Eid kyrkje står på Nordfjordeid i Stad kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1849.[1]

Eid kyrkje i Nordfjord is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Eid kyrkje
Kyrkja i 1931

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkitekt for bygget var handelsmannen Claus Wiese frå Eid.[1] Då kyrkja stod ferdig hadde ho sitjeplassar til heile 900 personar, men etter ominnreiingar er det no plass til 750.[1] Kyrkja har takryttar midt over skipet. Innvendig vart kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling under leing av Lars Kinsarvik i 1915.[1]

Det har vore kyrkje på Nordfjoreid sidan mellomalderen og staden var truleg den fyrste i Nordfjord som fekk kyrkje etter Selja.[2] I mellomalderen hadde Eid-kyrkja status som fjordungskyrkje.[2] Den fyrste kyrkjestaden var på garden Myklebust og ein trur at kyrkja som stod der gjekk med i ein brann.[2] Då kyrkja vart nemnd i kjeldene på 1400-talet stod ho på nabogarden Mel.[2] Dette var ei krosskyrkje som stod til 1689 då ho brann ned. Tre år seinare, i 1691, vart det bygd ei ny krosskyrkje på branntufta. Denne stod til 1849 då ho vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.[2]

Eid kyrkje er soknekyrkje i Eid sokn i Nordfjord prosti.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Eid kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 1. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ««Eid kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 23. januar 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]