Eid kyrkje i Romsdal
Eid kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Indre Romsdal | ||
Stad | Eidsbygda | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1697 eller 1797 | ||
• Endringar | påbygd i 1872 og 1874 | ||
Tårn | Klokketårnet er av treverk | ||
Skip | Eitskips hallkyrkje | ||
Kyrkjegard | ligg ved kyrkja | ||
Preikestol | Preikestolen er frå 1668 | ||
Døypefont | Døypefonten har årstalet 1519 og skal vere frå Lesja | ||
Altartavle | Altertavla er frå 1660 og er restaurert i 1916 av Ragnvald Einbu | ||
![]() Eid kyrkje i Romsdal 62°35′23″N 7°29′50″E / 62.5896°N 7.4973°E | |||
Wikimedia Commons: Eid kirke, Rauma |
- Det er fleire kyrkjer i Noreg med namnet Eid kyrkje.
Eid kyrkje er ei langkyrkje i Eidsbygda i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kyrkja vart bygd i 1697 eller 1797, og er av treverk, og har 200 plassar. Ho er påbygd to gangar, i 1872 og 1874. I 1862 vart Eid eige prestegjeld og kyrkja vart frå då av hovudkyrkje.
Interiøret
[endre | endre wikiteksten]Altartavla er frå 1660, i alle fall står dette årstalet på tavla. Ho vart restaurert av Ragnvald Einbu i 1916.
Døypefonten er gammal og kjem frå Lesja. Den har årstalet 1519.
Gamlekyrkja hadde et antemensale frå omkring år 1275 med 12 motiv frå Jesu liv. Dette kom til Bergen Museum i 1840-åra. Det er eit av dei mest verdifulle kunstverka i landet frå mellomalderen. Eit antependium frå 1677 som stod i gamlekyrkja, er no på Norsk Folkemuseum i Oslo. Det er i svært dårleg tilstand.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eid kyrkje i Romsdal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Eid kyrkje». Kyrkjesøk. Henta 26. mai 2015.