Eidbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidbukta
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Meløy
Areal 0,71 km²
Folketal 542  (2023)
Folketettleik 763 / km²
Postnummer 8150 ØRNES
Preposisjon Eidbukta
Kart
Eidbukta
66°50′42″N 13°43′55″E / 66.845°N 13.731944444444°E / 66.845; 13.731944444444

Eidbukta er ein klynge med bustadhus som Statistisk sentralbyrå har gjeve namn på og har definert som ein tettstad til etter kriteria 200 busette eller meir i bustadhus med maksimal avstand på 50 meter. Han ligg i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har 542 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er eit bustadområde sørom Ørnes. Eidbukta som tettstad hos SSB ligg mot vest i utkanten av Sandå, [1] ikkje langt frå grenda Eidbukta.

Eidbukt, Eibukt i Meløy er også ei grend med tidlegare i alt fem gardsbruk fordelt på to matrikkelgardar, gardsnummer 51 og 52 i kommunen, totalt på 93 dekar i 1893. Gardane ligg på eidet som skil Eidbukta (havbukt) frå Sandåbukta. Dei grensar mot Sandå i nordaust og mot Borvik i nordvest. [2] I 1875 var folketalet 25 på gardane, medan det i 1970 var 64 busette i grenda. Namna på gardane er Øybukt ytre og Øybukt indre. [3]. Dei eldste funn av menneskeleg aktivitet på gardane er rekna å vere mellom 3000 og 4000 år gamle. [4] Grenda hadde skole frå byrjinga av 1890-talet fram til han vart flytta til Neverdal [5] i 1931. [6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moe, K. (red.), Gård og grend i Meløy, bind 2, Meløy kommune, 1981. (ISBN 82-90030-02-9)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gård og grend i Meløy, skildrar Sandå som ei grend av 13 gardar under gardsnummer 50.
  2. Gård og grend i Meløy, skildring side 469 og 470.
  3. Gård og grend i Meløy meiner at Øybukt er det opphavlege namnet på grenda, bl.a. i følgje utskiftingskartet av 1893. Namnet Eidbukt kom inn på NGO topografiske kart, målestokk 1:100000. Side 469.
  4. Gård og grend i Meløy, side 470
  5. Artikkel i Årbok nr. 19 av Meløy Historielag, 2003.
  6. Nettside hos[daud lenkje] Meløy Historielag.
Spire Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.