Eide Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eide forlag)

Eide forlag er eit norsk bokforlag heimehøyrande i Bergen. Eide forlag gir ut eit mangfald av bøker til kyrkjeleg og personleg bruk. Samarbeidet med Den norske kyrkja om utgiving av salme- og gudstjenestebøker utgjer ei solid bærebjelke i forlaget. I tillegg kjem eit allsidig utvalg litteratur til bruk i kyrkje og hjem. Eide er ein del av forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.

Oppstarten[endre | endre wikiteksten]

Forlagsdrifta vart starta i 1880 av Johan Wilhelm Eide som tolv år tidlegare også hadde grunnlagt Bergens Tidende. Grunnen til at han gav seg ut på forleggjarverksemd var at Vestmannalaget stod utan forleggjar til vinnaren av tevlinga foreininga hadde hatt om den beste ABC-boka på landsmål. Då tok boktrykkjar Eide, som opphavleg var frå Stryn, på seg å gje ut fyrstepremiemanuset til Andreas Austlid. Framover mot hundreårsskiftet gav Eide ut eit fåtal andre bøker, men forleggjarverksemda var eit underskotsforetak og snart gjekk forlaget i dvale.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Ikkje før i 1945 livna det til att, då med at ei sterk satsing på barnebøker. Pengane tente forlaget likevel på vaksenbokutgjevingar som til dømes Sjetlands-Larsen av Frithjof Sælen, Nord for det øde hav av Liv Balstad og Den tause verden av Jacques-Yves Cousteau, og det gav dei rom til å ha høg kvalitet på barnebøkene, som ofte var tapsprosjekt. Eide Forlag gav til dømes ut internasjonale barnebokklassikarar som Det suser i sivet av Kenneth Grahame, Alice i eventyrland og Gjennom speilet av Lewis Carrol og Peter Pan av J.M. Barrie for fyrste gong på norsk, alle omsette av Zinken Hopp. Dei gav også ut nye, fine utgåver av bøker som Tom Sawyer og Huck Finn av Mark Twain. Etter at forlaget gjekk på ein stor økonomisk smell med det store verket Havet og våre fisker tidleg på 60-talet vart verksemda gradvis trappa ned att.

Fram mot notida[endre | endre wikiteksten]

Ikkje før på midten av 80-talet byrja ein ny periode med vekst i forlaget. Det vart då satsa på mellom anna ein serie hefta kriminal- og spenningsbøker redigert av Gunnar Staalesen. Då det ikkje vart balanse i rekneskapane i denne omgangen heller, bestemte Bergens Tidende seg for å selja selskapet og det vart kjøpt av Trine Kolderup Flaten som hadde vore ein av redaktørane dei siste åra og som no driv selskapet saman med Roald Flaten. Forlaget har no om lag 20 utgjevingar i året, og av utgjevingar frå dei siste åra kan nemnast Norsk forsvarshistorie i 5 band og ei satsing på science fiction og fantasy-litteratur.

Eide forlag i dag[endre | endre wikiteksten]

Høsten 2005 vart Eide kjøpt opp av og innlemma i forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS. Då Vigmostad & Bjørke kort etter fekk kontrakt på å utgi salme- og gudstenestebøker for Den norske kyrkja, valde dei å gjere Eide til forlag for kyrkjelege utgivingar. Den norske kyrkja sto på denne tida i startgropa av ei omfattande gudstenestereform, som og omfatta ei ny offisiell salmebok. Den nye utgåva av Norsk salmebok vart utgjeve høsten 2013 i eit fyrsteopplag på 60 000, og av desse vart 40 000 selde fyrste dagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]