Eide i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsbotten ved Eide
Foto: Bjarne Thune
Eide
Foto: Bjarne Thune
Fjorden ved Eide
Foto: Bjarne Thune

Eide er ein stad som ligg ved botnen av Eidsfjorden langs vegen til Halsvik i Gulen kommune i Vestland.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet blir uttalt ei'e, men har vorte skrive Æidi, Ede, Eide i 1563, 1610, 1667 og 1723. Det kjem av Eid, eit i dativform og viser til eidet mellom Eidsfjorden og Fensfjord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det blei funne ei tverregga steinøks på Eide i 1912 i Langevatnet. Ei krossforma klubbe av klorittskifer blei funne i 1955 i eit sandtak 10-15 m over havet.[1]

Matrikkelen frå 1723 viser at garden da hadde fem brukarar, men ingen husmenn. Garden hadde ikkje seter, men 2 årgangskverner, brennved nok og litt furuskog. Den låg ved sjøen litt under 7 mil frå Bergen.[2]

Posttrafikk[endre | endre wikiteksten]

I 1785 blei det opna ei postrute frå Bergen via Molde til Trondheim. Ruta gjekk over Lindås, i båt over Fensfjorden til Postvågen ved Halsvik, gjennom Gulen til Rutledal og så vidare over Sognefjorden til Lavik. Det første postopneriet i Gulen blei opna på Eide i 1787.[3]

Posten gjekk på landjorda til hest, og det måtte derfor byggast rideveger. Dei fyrste vegane i Gulen gjekk frå Postvågen over Eide til Glenja, og frå Haveland til Rutledal.[4] Vegane blei bygde omkring 1790.[5] Eide hadde poststasjon inntil Fylkesbaatane tok på seg å sende post gjennom Gulen.[6]

Brukarar[endre | endre wikiteksten]

I Jordebok for Bergen kongsgård blir det nemnt to brukarar på Eide i 1519.[7] Etterkvart blei det skilt ut fleire bruk. Den eine delen av bruk fire fekk namnet Ekrene, den andre Solbakken. Bruk fem fekk namnet Nesheim og bruk seks Londaltun. I alt var der 38 bruksnummer.[8]

Det kan ha vore husmenn på Eide frå rundt 1600, men ein veit det sikkert frå 1645.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid,bind 2 side 284
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid,bind 2 side 284
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
  6. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
  7. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
  8. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 304
  9. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 304

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996