Eide kyrkje i Grimstad
Utsjånad
| Eide kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Agder | ||
| Kommune | Grimstad | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Vest-Nedenes | ||
| Sokn | Eide | ||
| Fellesråd | Grimstad | ||
| Type | Krosskyrkje | ||
| Teknikk | Lafteverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 17. juli 1825 (men bygd i 1795) | ||
| • Endringar | Restaurert i 1960- og 1970-åra og på 2000-talet | ||
| Klokker | 1734 og 1762 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Av Guttorm Persen Eftestøl, 1807, med evangelistbilete | ||
| Døypefont | Laga til eit dåpsfat frå 1650 | ||
| Altartavle | 1661 (overmåla) | ||
| Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1987 | ||
| Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Eide kyrkje 58°16′15″N 8°28′51″E / 58.2709°N 8.4809°E | |||
| Wikimedia Commons: Eide kirke, Grimstad | |||
Eide kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.
Kyrkja skal vere den tredje på staden. Ho vart for det meste oppført i 1795 og teken i bruk året etter, men vart ikkje rekna som fullført før i 1807. Formelt innvigd vart ho først den 17. juli 1825.
Mykje av målararbeidet i kyrkja vart i si tid utført av Guttorm Persen Eftestøl, som òg har laga preikestolen. Som i mange kyrkjer har ein måla over det gamle, for så å restaurere kyrkja eit stykkje ut på 1900-talet. Noko av inventaret er overført frå dei tidlegare kyrkjene.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Teistedal, Teodor (1996). Kirken og bygda: utgitt til Eide kirkes 200 årsjubileums 1996. Eide menighet. ISBN 8299391202.
- Nilsen, Sigrid E. (1976). Eide kirke gjennom 350 år. Eide menighetsråd.
- Nenseter, Bjarne (1992). «Eide kirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 78-79. ISBN 82-7627-003-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 472. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Eide kyrkje i Grimstad». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Eide kyrkje i Grimstad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
