Eide på Nordmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eide
tettstad
Eide kommunesenter.jpg
Utsyn mot Eide
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Eide
Areal 1,65 km²
Folketal 1 380 (2017)
Folketettleik 836 / km²
Postnummer 6490 EIDE
Innbyggjarnamn eidsar
Preposisjon Eide
Wikimedia Commons: Eide (village)

Eide er ein tettstad og administrasjonssenteret i Eide kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på nordsida av Isingvågen i Kornstadfjorden og har 1 380 innbyggjarar per 1. januar 2017. Han er den einaste tettstaden i kommunen.

Tettstaden har grunnskole, barnehage, daglegvarebutikk og psykiatrisk bu- og behandlingssenter. På Eide står Eide kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1871. Ved tettstaden er det steinbrot og steinindustri.[1]

Fylkesveg 64 frå Molde til Kristiansund gjev kortaste veg frå Eide til begge byane. Eide har også gode bussamband til både Molde og Kristiansund. Frå tettstaden fører fylkesveg 279 langs Kvernesfjorden austover til E39 i Gjemnes kommune.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eide – tettsted i Eide». Store norske leksikon. 3. januar 2016. Henta 15. april 2018. 
  2. «Eide». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 15. april 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.