Eidekjosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°32′38″ N 15°3′25″ E

Flyfoto av Kjerringøy frå aust. Fjorden nedst til venstre er Sjunkfjorden, ved innløpet av fjorden den spisse Skeistinden, til venstre på oversida Sjunkhatten. Bak desse mot venstre Nevelsfjorden, mot høgre frå denne Eidekjosen. Bak Eidekjosen ligg Eidetinden

Eidekjosen er ein fjordarm av Nevelsfjorden og Sørfolda i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6 km nordvestover til Eidet i botn av fjorden. Frå botn av fjorden er det berre om lag 1 km over til Karlsøyfjorden i vest.

Fjorden har innløp mellom Monsvika i nord og Ørnneset i sør og bortsett frå Eidet er det ingen andre busetnader ved fjorden.