Eidfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eidfjord (tettstad))
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidfjord
tettstad
P1000532Eidfjord.JPG
Eidfjord

Foto: G. Lanting

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Eidfjord
Areal 0,78 km²
Folketal 539 (2017)
Folketettleik 691 / km²
Postnummer 5783 EIDFJORD
Innbyggjarnamn eidfjøre
Wikimedia Commons: Eidfjord (village)

Eidfjord er kommunesenteret i Eidfjord kommune. Folketalet i tettstaden Eidfjord var på 918 innbyggjarar i tredje kvartal 2008.[1] Eidfjord ligg ved botnen av Eidfjorden, 70 km frå Odda og 50 km frå Voss. Elva Eio renn ut i fjorden ved Eidfjord. Riksveg 7 går gjennom staden. Om somrane går det også hurtigbåt mellom Eidfjord, Ulvik, Utne, Kinsarvik, Lofthus og Norheimsund.[2]

I Eidfjord ligg både Eidfjord kyrkje og Eidfjord gamle kyrkje. Ikkje langt frå sentrum, på Hereid-platået, ligg over 300 gravrøyser frå Vikingtida.[3] Eidfjord satsar tungt på turisme, og får fleire cruiseskip på vitjing i turistsesongen. Det er difor laga til djupvasskai i tettstaden.[4] I Eidfjord finn ein elles fleire hotell, pensjonat, campingplassar og souvenirbutikkar mynta på turistane som kjem hit. Her er også butikk, bensinstasjon, kiosk, bilreparatørar, trelastvarehandel, treskjerarforretning og ljosstøyperiet.

Tettstaden Eidfjord inneheld den einaste skulen i kommunen, Lægreid skule. Dette er ein barne- og ungdomsskule som samlar elevar frå heile kommunen.<ref>Omtale av skulen på kommunen sin nettstad. Når elevane er ferdige med 10. klasse, er dei næraste vidaregåande skulane i Kvam, på Voss eller i Odda. Det ligg også ein aldersheim i Eidfjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå Vitja 9. februar 2019
  2. Båtruter for sommaren 2019
  3. Registrering i samband med forskingsgraving ved Universitetet i Bergen
  4. Om djupvasskaia i Eidfjordnytt, nr. 2, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]