Eidsbekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eidsbekken er eit sidevassdrag til Haldenvassdraget, på Bjørkelangen i Aurskog-Høland kommune. Ho startar i Eidsdammen, passerer Eidsverket og renn ut i Lierelva. Vassfallet ved Eidsverket er tidlegare vorte utnytta industrielt. Eidsbekken har gjeve namn til bustadvegen Eidsbekken på Bjørkelangen. Eidsbekken har eit fall på 47,8 meter frå Eidsdammen til Lierelva.