Eidsborgbryne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsborgbryne.
Foto: Rune Mathisen (Bitjungle)

Eidsborgbryne er ei form for bryne som vart produsert i steinbrota i bygda Eidsborg i Tokke kommune i Telemark heilt frå vikingtida til fram på midten av 1900-talet. Emna vart tekne ut i dagbrot og hogde til av steinhoggarar før dei vart transporterte på elv og vatn ned til Skien.

Arkeologiske funn av Eidsborgbryne frå gamal tid er gjort fleire stader i Nord-Europa, frå Island og England og til Polen. Funn av Eidsborgbryne i Polen er tidfesta til 800-talet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Håkon Livland. 1992. Eidsborgbryner – Eksportvare i Telemark fra vikingtid til våre dager. Lårdal Bygdemuseum.