Eidselva i Nome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidselva ved Ulefoss

Eidselva ligg i Nome kommune i Telemark. Ho har utspringet sitt i Flåvatn, og munnar ut i Norsjø ved Ulefoss. Elva høyrer til Skiensvassdraget, og er ein viktig del av Telemarkskanalen. På strekninga frå Ulefoss opp til Flåvatn er det bygd fem sluseanlegg (14 slusekammer), med total løftehøgd på om lag 57 meter.

I elva er det fire vasskraftverk Eidsfoss, Vrangfoss, Ulefoss og Aall-Ulefoss.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.