Eidsfjorden i Åfjord

Koordinatar: 63°57′48.982″N 10°6′23.011″E / 63.96360611°N 10.10639194°E / 63.96360611; 10.10639194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°57′48.982″N 10°6′23.011″E / 63.96360611°N 10.10639194°E / 63.96360611; 10.10639194 Eidsfjorden er ein fjordarm av Skråfjorden i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til Straumen, eit smalt sund der Skråfjorden held fram vidare innover.

Fjorden startar på nordaustsida av Grimstadøya og ligg søraust for Lysøya og Madsøya. Nordvest for desse øyane ligg Morkafjorden, ein annan fjordarm av Skråfjorden. Fjorden har fått namnet sitt etter Dragseidet, eit eid på søraustsida av fjorden. Eidet er om lag 300 meter på det smalaste og på andre sida ligg Dragseidvågen, ein del av Åfjorden, som går parallelt til Skråfjorden.

Fv50 går langs søraustsida av fjorden.