Eidsfjorden i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsfjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Kart
Eidsfjorden i Gulen
60°56′31″N 5°07′39″E / 60.94187°N 5.12738°E / 60.94187; 5.12738

Eidsfjorden er ein fjordarm av Gulafjorden i Gulen kommune, på sørsida av Sognefjorden. Fjorden strekkjer seg 10 km rett sørover.

Innløpet til fjorden ligg mellom Klokkeidneset og Glossvikneset. Dalsøyra ligg på austsida av fjorden eit lite stykke inn i fjorden. Vidare sørover i fjorden ligg det berre småbruk langs fjordsidene, som Grinde, Knarvik, Glenja og Høyvika. Eidsbotn ligg inst i fjorden ved grenda Eide.

Riksveg 57 går langs austsida av fjorden og nesten heilt inst i fjorden kryssar fylkesveg 4 som går om lag 2 km nordover langs vestsida.