Eidsfjorden i Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°54′15.728″N 5°51′23.040″E

Eidsfjorden i Nordfjord
Hamnneset skil Eidsfjorden (til venstre) frå Isefjorden (til høgre)

Eidsfjorden er ein fjordarm av Nordfjord i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Fjorden strekkjer seg 13 km austover og inn til Nordfjordeid i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hamneset i sør og Høynes i nord. Frå ytre Rød ved Starheim på nordsida av fjorden går det ferje sørover til Isane sør for Hamneset ved Isefjorden. Rett aust for Starheim ligg bygda Torvika.

Ved Nordfjordeid munnar Eidselva, som kjem frå Hornindalsvatnet som ligg 6 km lenger aust.

Riksveg 16 går på nordsida av fjorden, medan Fylkesveg 662 går på sørsida.