Eidsland kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°43′47″N 5°47′51″E

Eidsland kapell
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Fellesråd Vaksdal
Sokn Stamnes
Type Langkyrkje
Arkitekt R. Njerve[1]
Innvigd 1925[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja, vigsla 1892[1]
Sitjeplassar 90

Eidsland kapell står på Eidslandet inst i Eidsfjorden i Vaksdal kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1925.

Eidsland kapell is located in Hordaland
Plasseringa til Eidsland kapell

Kapellet er bygd i tre og vart teikna av heradsagronom R. Njerve. Kyrkjegarden, som kapellet ligg ved, vart teken i bruk i 1892.[1] Kapellet vart starta reist som bedehus, men det vart under bygginga gjeve løyve til å late det verte kapell.[1]

Eidsland kapell høyrer til Stamnes sokn i Hardanger og Voss prosti. Fram til 1968 høyrde soknet til Bruvik prestegjeld, men då vart det saman med Dale, Vaksdal og Eksingedalen sokn skilde ut som Vaksdal prestegjeld.[2]Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]