Hopp til innhald

Eidsvold–Hamarbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eidsvold-Hamarbanen)

EidsvoldHamarbanen eller Hedemarksbanen var tidlegare namnet på jernbanen mellom Eidsvoll og Hamar. Denne 58,6 km lange jernbanestrekninga vart sett i drift 8. november 1880 og offisielt opna 11. november same året av kong Oscar II. Banen inngjekk saman med Rørosbanen og Meråkerbanen i samnemninga Nordbanerne, som ikkje må forvekslast med Nordbanen som er det eldste namnet på Gjøvikbanen med sidelinjene Skreiabanen og Røykenvikbanen.[1]

I 1890 vedtok Stortinget å forlenge EidsvoldHamarbanen oppover langs austsida av Mjøsa og vidare opp Gudbrandsdalen heilt til Otta. Det nye baneselskapet vart derfor kalla EidsvollOttabanen og seinare òg EidsvollDombåsbanen. Dermed opphøyrte EidsvoldHamarbanen som offisielt namn på banestrekninga mellom Eidsvoll og Hamar. I dag inngår den som ein del av Dovrebanen.

  1. Bjerke, T. & Holom, F. (2004). Banedata 2004. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. s. 74