Eidsvolls plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stortingsbygningen avsluttar plassen mot aust
«Spikersuppa» på Eidsvolls plass med Wergeland-statue i bakgrunnen.
Om vinteren blir bassenget islagd til skøytebane.

Eidsvolls plass er eit torg og ein park i sentrale Oslo som ligg mellom Karl Johans gate og Stortingsgata, med Stortinget i eine enden og bassenget «Spikersuppa» på plassen. Han er delt i to av Rosenkrantz' gate. Saman med Studenterlunden utgjer han eit samanhengjande parkområde.

I vestenden av plassen står ein statue av Henrik Wergeland laga av Brynjulf Bergslien. Statuen blei avduka av Bjørnstjerne Bjørnson den 17. mai 1881, som heldt ein av sine mest berømte talar for ei stor folkemengd.

Eidsvolls plass ligg på eit tidlegare sumpområde på Grünings løkke. Etter at løkkeeigaren Andreas Grüning døydde i 1842 blei løkka delt og den nordre delen blei selt til huseigarane på den andre sida av Karl Johans gate og nytta som park. Området blei kalla «Huseiertomten» og blei overført til staten i 1858 med føresetnad om at det ikkje blei utbygga. Det fekk namnet «Eidsvolls plass» i 1864 på grunn av nærleiken til stortingsbygningen, som då var under bygging.

Oslo kommune overtok ansvaret for plassen i 1889, og arkitekt Arnstein Arneberg utarbeidde ein ny plan for området. Dette omfatta dagens speglbasseng som blei anlagt i 1956. Bassenget blei påkosta av Christiania Spigerverk og fekk derfor kallenamnet «Spikersuppa». I tillegg til statuen av Wergeland frå 1881 er området utsmykka med statuane Lekende barn av Arne Durban og Hjortegruppe av Arne N. Vigeland frå 1958. Området blei omlagd på 1970-talet, mellom anna ved at bassenget blei utvida og heva og store delar av plassen fekk fast underlag med granittheller og brustein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 59°54′49″N 10°44′15″E