Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er ein eigedomsmeklar i Sogn og Fjordane og formidlar årleg nærare 500 sals- og oppgjersoppdrag (2009). Marknadsområdet er primært Sogn og Fjordane fylke.

Verksemda vart etablert i 1995 som ei avdeling i Sparebanken Sogn og Fjordane. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har no rundt 20 tilsette fordelt på fire avdelingskontor i Florø, Førde, Stryn, Sogndal og Nordfjordeid.[1] Ei eiga oppgjersavdeling ligg i Førde. Verksemda vart i 2008 skild ut som et eige aksjeselskap og er eit heleigd dotterselskap av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sparebanken Sogn og Fjordane starta med eigedomsmekling i 1995. Banken var også deleigar i Sogn Eigedomskontor AS, men selde seg ut i 1997. Fram til 2002 hadde eigedomsmekling eit kontor i Førde med tre meklarar og utvida med nytt kontorstad i Florø. Sidan har verksemda etablert seg i Stryn (2006) og i og Sogndal (2007). I 2008 etablerte Sparebanken Sogn og Fjordane dotterselskapet SSF Eigedomsmekling AS, som er eit heleigd dotterselskap av banken. SSF Eigedomsmekling AS skifta namn til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS i 2010.

Verksemda vann Gulltaggen i 2016 og 2017.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om oss | Eigedomsmekling Sogn og Fjordane», Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, henta 23. desember 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]